
Foto: Valdres avis
Skrevet av: Eli Belsheim 10/12/2022
EG STÅR STØTT I DET VALET EG HAR TATT.
Eg og vi har vore gjennom ein lang og velgjennomtenkt prosess når det gjeld kraftverk, og eg veit at folk i bygda og i Valdres tenkjer og meiner mykje om dette. Difor er det viktig for meg å belyse saka om kraftverk i Rysna.
I avisa «Valdres» er det i debattinnlegg i desember 2022 tatt opp spørsmål om utbygging av småkraftverk og eigarstrukturar ved desse. Det er viktig og riktig å stille store spørsmål ved naturinngrep, slik lokalpolitikaren gjer. All ære til han for det! Det treng vi, det er viktig for lokaldemokratiet og det er viktig for natur, notid og framtid. Men kanskje skulle han neste gong forsøke å gjere det utan å kome med unøyaktige påstandar om lokale initiativ? Eg ynskjer å svare, på eigne vegne, for å belyse saka frå ein grunneigar si side, sidan elva eg er medeigar i fleire gonger blir trekt fram i lokalpolitikaren sitt innlegg.
Eit av hovudpoenga i innlegget er at private eigedommar og naturressursar hamnar på utanlandske hender, og at dette er problematisk. At vi i dag lever i eit internasjonalt samfunn, med utanlandsk kapital i norske selskap og der norske fond investerer i utlandet, er inga stor overrasking. Men kvifor er det no slik at norske ressursar kjem på utanlandske hender? Korleis er eigentleg investeringsvilja til norske kommuner og selskap, når det gjeld investeringar med så lange horisontar for kapitalavkasting som investering i kraftverk krev? Eller andre firma, med langt kortare horisontar for avkastning på kapital, for den del?
«Rysna småkraftverk eies i dag av AQ Capital, registrert i Luxembourg», skriv debattanten. Det gir inntrykk av at eigedomsretten til elva er seld, og det direkte til utlandet. Dette er feil. Utbyggar og eigaren av Rysna Kraftverk er Småkraft AS, eit norsk selskap. AQ kapital har eigarandelar i Småkraft AS. Sanninga er: grunneigarane i Rysna eig framleis både grunnen og fallretten sin, og etter eit visst tal med år, fell heile kraftverket tilbake til grunneigarlaget. Som altså er ein gjeng med nordmenn. I Tørpegardane.
For å få fram poenga sine, vel debattanten å trekke fram fleire lokal elver, og hevdar at «naturinngrepene langs Rysna er enorme». Som grunneigar på store deler av strekninga for røyrgata på den aktuelle strekninga av Rysna, så kan eg opplyse om at det er snakk om beitemark og dyrka mark røyrgata går over. Denne beitemarka og dyrka marka blir tilbakeført i minst like bra, om ikkje betre, stand etter ferdigstilling. Dette kan ikkje kallast meir enorme naturinngrep enn når det blir bygd vegar og nye bustadfelt eller kommunen grev nytt vatn- og avløp i Vang sentrum for tida.
Og sidan debattanten vel å dra fram Rysna særskild, og i same andedrag skriv om tapte friluftsområde, så kan eg fortelje at ein av dei store vurderingane som kom opp tidleg i prosessen, var dette med friluftsområde. Men denne strekka av elva går over beitemark og elles i eit terreng som er så bratt at det ikkje finst triveleg å gå der, den går i ei så djup kløft at ingen ser elva, og sjølvsagt har NVE sett krav til minstevassføring for å ivareta livet i og langs elva. Eg har tillit til at NVE veit kva dei driv med.

Vi valde difor å gå vidare i prosessen med å søke konsesjon. For å vere med å skape fornybar energi. For er det ikkje det verda er einige om at vi treng? Fornybar energi? Har vi ikkje alle straum i husa våre, og treng det for å lade elbilane våre?
Prosessen for å få realisert ein fallrett er svært lang. Vi byrja i 2009. Det er ingen ugjennomtenkt sak, men årevis med hardt arbeid, kompetanseauke, konsesjonsskriving, rådføringar og vurderingar. Debattanten skriv at han er flau over eigen innsats som lokalpolitikar ved konsesjonshandsaminga i 2015. Eg er alt anna enn flau over eigen innsats for å ta vare på garden min, ressursane som tilhøyrar garden, og den inntekta eg no vil få, som kan bidra til at eg kan ta vare på og vidareutvikle garden. For det å realisere ein fallrett handlar om det som for meg er grunnhaldninga mi til det å eige ein gard. Og det er retten og plikta eg har til å ta vare på, utvikle og nyttegjere meg av ressursgrunnlaget på garden min. Slik at den er endå litt betre til neste generasjon. Om det er å felle hogstmoden skog, nytte beitemark, ha dyrehald, brøyte i nabolaget, drive utleige, hogge ved, eller realisere ein fallrett, om det viser seg å vere mogleg.
Debattanten stiller spørsmål ved lokal verdiskaping ved realisering av kraftverk, og kallar det «bullshit». Bullshit? Eigedomsskatt til kommunen, nemner han ikkje. Fallrettseige for falleigarane, nemner han ikkje. Eg kan forsikre om at fallrettsleige er alt anna enn bullshit. Fallrettsleige er verdifullt for ein falleigar og gardsbruket. Det gir moglegheiter til vidare lokal verdiskaping. For å drive gardsbruk er vel lokal verdiskaping?
«Så kva har vi som lokalsamfunn igjen?», spør han avslutningsvis, og konkluderer med at det er berre negativt. Eg meiner at lokalsamfunnet med Rysna kraftverk har att eit velgjennomtenkt prosjekt med langt større fordelar enn ulemper, eit prosjekt som bidreg til fornybar og rein energi, og ikkje minst har vi att gardsbruk, som har utnytta ressursgrunnlaga sine, og dermed har auka sjans for vidare drift i framtida. Mogleg det er også er «bullshit».
I så fall likar eg bullshit.
Eli Belsheim
Link til Avisa Valdres sitt debattinnlegg