
Foto: FOTO: Hywer
18. november var ein merkedag i Vang.
VANG: Det ikkje minst for at dette var datoen då den nye vegtunnelen gjennom Kvamskleiva, Hugaviktunnelen, vart opna for ferdsel.
Men same dagen, nokre kilometer unna, vart også nok eit småkraftverk i Vang sett i drift. 18. november starta Rysna småkraftverk produksjonen, førebels som ein prøveproduksjon fram til våren.
Offisiell innviing kombinert med litt festivitas for dei involverte, vil koma til våren, lovar David Inge Tveito. Han er direktør for all kraftproduksjon innan Småkraft, som no tel 218 småkraftverk i Norge og Sverige.
Markering til våren
– Ja, vi i Småkraft AS likar å ha opningsfestar saman med grunneigarane og andre involverte ved høve som dette. Det er ikkje sett nokon dato, men det blir markering av dette til våren, seier Tveito, vossing som har hovudkontoret til Småkraft AS i Bergen som arbeidsstad.
Tveito fortel at dei er veldig godt nøgde med gjennomføringa. Byggjeprosessen har gått etter programmet.
Rysna er bygd ut etter ein totalentreprise som entreprenørselskapet Hywer AS har hatt hand om. Dette selskapet er tidlegare kjent under namnet Brødrene Dahl Vasskraft AS.
Hywer AS har igjen engasjert forskjellige underleverandørar som har stått for arbeidet i felten med å byggje røyrgata, reise kraftstasjonsbygget og fullføre resten av infrastrukturen knytt til anlegget, som har mykje høgteknologi involvert.
Det har også vore nytta ein del lokale leverandørar, blir avisa fortalt.

Foto: Privat

Foto: Hywer
Fleire underleverandørar
Underentreprenørane som Hywer AS har nytta, er Kraftentreprenøren AS med Stein Arne Sunde AS. Desse kjem frå Skeid.
Det er mellom anna gravemaskinar tilhøyrande dette selskapet som er nytta i byggjeperioden. EnergiTeknikk AS har levert den komplette el-mekanikken. Lokalt har Vang Energiverk bygd ny nettstasjon.
Kraftstasjonsbygget ligg attmed elva i botnen ned for Sygard Belsheim, og det er også på grunnen til denne garden.
Har fire verk i Valdres
Rysna blir det fjerde kraftverket som Småkraft AS byggjer ut i Valdres. Frå før har dei hand om Reinli, Liaelva og Hølera, alle i Sør-Aurdal, og med Rysna blir også Vang innlemma i porteføljen.
– Vi er som sagt veldig godt tilfreds med å ha kome i mål med dette verket. Det har vore bra jobba frå dei som har vore med frå dei forskjellige leverandørane som har vore involverte. No vil kraftverket ha såkalla prøvedrift fram til våren og vil venteleg etter det bli sett i vanleg drift, seier Tveito.
Det daglege tilsynet med verket skjer elektronisk og Tveito fortel at dei har ein driftsansvarleg for verka i Austlandsområdet. Han sit på Hamar og er jamleg innom, elles blir alt styrt elektronisk. I byggjeperioden har ein prosjektleiar frå Småkraft fylgd byggjeprosessen lokalt.
Bygd for 42 millionar kroner
Arbeidet med Rysna småkraftverk starta 29. november, på dagen før konsesjonsfristen gjekk ut.
Då var dei fyrste gravemaskinane på plass og gjekk straks i gang med å grave grøfta som skulle romme den 1170 meter lange røyrgata. Det er til dels svært bratt på Belsheimjordet og Granlundgarden mellom anna, men det har ikkje bydd på nokon særlege problem.
– Nei, dette har ikkje vore spesielt utfordrande, vi har nok anlegg som har vore langt meir krevjande å gjennomføre enn dette, seier Tveito.
Han forsikrar også at dei har klart å halde budsjettramma. Kalkylen for prosjektet har liggje på omkring 42 millionar kroner.
Seks grunneigarar
Det er seks gardar og grunneigarar som eig fallrettane knytt til utbygginga av Rysna.
Dette er Eli Belsheim, (Sygard Belsheim), Aud Irene Hamre Rogn og Odd Harald Rogn, (Granlund), Ola Norvald Hagen, Ellen og Harald Bauer, (Thune), Geir Ove Jevne og Kristoffer Jevnemarken (ny eigar er Per Kristian Borgli).
Realiseringa av verket har latt seg gjera ved at Småkraft AS har stått som utbyggjar og at selskapet leiger fallrettane frå grunneigarane. Kraftverket fekk konsesjon i november 2016 saman med to andre småkraftverk i Vang, Føsseberge og Ala.

1170 meter lang røyrgate
David Inge Tveito fortel at røyrgata dei har bygd er på vel 1170 meter. Den går i praksis mellom flata i botnen ned for Belsheim, og oppover i det svært bratte lendet fram til fylkesvegen, ved innkøyringa der fylkesvegen går i ei lita bru over Rysna.
Heile røyrgata som måler ein meter i diameter, er graven ned i grunnen. Kraftstasjonsbygget som rommar turbinen og maskinteknologien, er på omkring 120 kvadratmeter og ligg i botnen av området der røyrgata sluttar. Meir presist betyr det inn for garden Jevnemarken, i området ved gamle Tørpe skule.
Det er eit fall på omkring 144 høgdemeter som blir utnytta og gjort om til straum.
Tveito fortel at den nok mektigaste hendinga i løpet av byggjeprosessen var då turbinen kom og skulle køyrast inn og heisast på plass. Totalt vog den cirka 40 tonn.

Imponert grunneigarleiar
Eli Belsheim, som er grunneigar og leiar for grunneigargrupperinga, som tel totalt seks gardar, fortel at gjennomføringa har vore kjempemessig.
– Vi har opplevd alle involverte som ryddige og ordentleg. Dei har vore flinke i forhold til informasjon og har nytta lokale leverandørar også. Vi har vel ikkje opplevd noko negativt knytt til denne utbygginga. No ser vi fram til opningsseremoni, seier Eli Belsheim.
Ho understrekar også at denne utbygginga ikkje har gått ut over friluftsareal og at såra etter gravinga blir borte når det veks til att. No er vi berre glade for å vera i mål etter ein lang prosess frå planlegginga starta fram til anlegget kom i drift i november, seier Belsheim.
Ville ikkje klart det åleine
Belsheim presiserer gjerne at grunnen til at dei seks grunneigarane ville gjennomføre denne utbygginga er at dei ville utnytte ressursgrunnlaget knytt til gardane.
– Det er ikkje særleg forskjell på å hogge tømmer på ein gard enn å utnytte fallrettar til kraftutbygging. Kvart fallrettslag må sjølve få bestemme kva dei vil gjera i slike høve. Utbyggjar har oppfylt krava frå NVE om minstevassføring mellom anna, seier ho.
Eli Belsheim innrømmer også at verda såg litt annleis ut på det tidspunktet dei byrja å sysle med planane om å byggje ut. Prosessen med NVE tok også lang tid.
– Med så sterk auke i produksjonskostnad det vart frå vi byrja planlegginga i 2009 til byggjeeprosessen kunne starte i 2021, ville vi aldri sjølve ha klart å gjennomføre ei slik utbygging, og då er det bra å ha eit selskap til å stå for dette, som attpåtil er norsk, presiserer ho.
