Mela var brukt til kvern for at Almo/Mollandgrenda fekk laga mjøl av eget korn. Almogardane hadde kvern i Kvennhusfossen, på Nordsida av elva på Haugen sin eigendom, og ca. 200 m ovom Fibrua. Det finns fortsatt spor etter denne kverna og kvernsteinen er hagabord i Framgarden.
I utskiftingsdokument for Almogardane, datert 14. september 1830 står det at det er tildelt Helge Thørrsien gård (Sørhaugen) fra søndre side av Mela som har sin begynnelse straks ovom Mollan Kvernhuses dam, hvor det er blekk og kryss i eit furutre. Denne furua står truleg ikkje i dag, men har stått i merke mellom Vestgården og Sørhaugen. Som kuriositet kan ein ta med at alle fire brukarane på Almo har skrevi under utskiftningsdokumentet med påholden penn.
Frå gammelt gjekk ein stor del av ferdsla frå Almo og Mollan gjennom Sørbygda når ein skulle til sentrum. Det var da bru nedafor Gåsmoen og vegen fortsatte gjennom Skavlanmarka straks nedanfor husmannsplassen Pemoen. Almogardane gjette delvis på sørsida av Mela, og det vart bygd bru for å koma over Mela. Den første brua kom i 1833,og vart kalla Fæbroen. Seinare har dette vorti Fibrua. Først på 1950 tallet bygde Eilert Vedal ei bru over elva ved Sagdammen. Her vart det da køyrd fram tømmer med hest, men etterkvart også med traktor.
Brua er no borte. Olaf Fossum, som setra i Søyringan, sette litt nedanfor merke mellom Vestgarden og Sørhaugen, på sørsida av elva opp ei bru. Brua vart bygd sist på 1940 åra, og kalla Olafbrua, men er no borte. Snåsa I.L. bygd bru ovom siste fallet ned i Gyllestønna, Dette var for gjennomføring av Sørfjellrennet. Brua vart teki av flom fleire gonger, og ikke bygd opp att etter 3. gongen.
Mela er namnet på elva frå Movatnet og ut til Storåselva. Det normale er at elvene får namn etter det vatnet (tjønna) ho renn ut frå. Jamfør Kovasselva, Øydingselva,
Seisjøelva osv. Ein skulle derfor vente at Mela skulle heite Movasselva.
Sokneprest Svend Busk Brun skriv i «Om Sneaasen» i 1817 om Mela, men bruker Molvatnet om Movatnet. Ein kjenner ingen diskusjon lokalt om namnet på elva, men for den som har levd eit langt liv med elva som nabo, føler ein ho ber namnet med rette.
Elva renn i fossar og stryk, med unntak av ei lita kvile i Storflya og Gyllestjønna, heile vegen frå Movatnet til Storåselvar og ho gir alltid lyd frå seg. Sterk lyd når ho går i flom
og svakare lyd ved mindre vassføring, Men gir alltid lyd frå seg; ho mel heile tida.
Mela har i lange tider vori viktig for næringsliv og grunnlag for levemåten i dette området. Mela stod sentralt for å kunne utnytte verdiane i skogane mellom Tjurudalen og Storåselva. Det var bygd ei rekke fløytingsdammer i nedslagsfeltet, delvis for å få
tømmeret fram etter sideelver til Mela, men også til hjelp for fløytinga i hovedelva, Mela. Største dammen var nok Movassdammen. Han var både lang og høg. Kovassdammen var også viktig. Kovatnet er stort, og med full dam her hadde ein mykje vatn til fløytinga
nedanfor. Det var også dammer i Tortbakktjønna, Raukolla og Skavlanfiskløysa. Den siste var kortvarig og var ein liten slagdam.
Fløytinga var hektisk og slitsam, og delvis også farefull. Det var fleire som for i fossen frå Movatnet og ned i Storflya.
Ein veit ikkje sikkert når det vart slutt på fløytinga i Mela. Dammane forfall og truleg vart den ordinære fløytinga avslutta først på 1930 åra. Det vart fløytt tømmer i Mela fram til ca. midten av 1950, men da utan damvatn og det var berre tømmer som kom fram til elva nedanfor Fibrua.
Det har vori minst 2 vassdrevne sager i Mela. I starten av 1800-åra var det ei økonomisk gulltid i salg av plank, og det kom ei rekke sager rundt om i Snåsa.
Dei fleste sagene på Snåsa var utskipingssager. I 1795 vart skurden på dei privilegerte sagene frigitt, og dei kunne skjære så mykje dei ville. Dei aller fleste av disse sagene var eigde av utanombygdes rikmenn. I 1805 vart Skavlan utskipingssag bygd. Eg kjenner ikkje kven som bygde saga, men allerede i 1808 vart saga overtatt av proprietær D.A. Gram på Vibe. Etter få års drift fann Gram ut at det var betre økonomi i å fløyte tømret til By, og skjære det opp der.
Skavlan Sag vart da overteki av Gåsmoen og Bøkset. Johannes Fossum har fortalt at denne saga var i bruk 1934, da det vart bygd nytt uthus på Bøkset.
Almogardane hadde sag nedanfor Sagdammen. Saga var på nordsida av elva, på Plassen sin grunn i dag. Denne saga var i bruk til først på 1930 åra. Transporten av skur gjekk ned langs elva til Grubba nedanfor Plassen.
Mela kraftverk ligger på Mela i Snåsa kommune i Nord-Trøndelag. Kraftverket er
prosjektert med inntaksdam i Movatnet, som kan reguleres 0,99 meter.
Movatnet ligger 359,05 meter over havet. Vannveien har en samlet lengde på ca. 3100 meter med nedgravd rør. Kraftstasjonen er bygget på kote 100 og er utført som et standard overbygg i kjent Småkraft stil.