
Dette året har vore eit bra år for Rysna kraftverk: – Det nye verket ligg 17 % over budsjett og har nådd årsnormalen alt no.
ØYLO: – Jau, det var eigentleg ganske moro, sa Andris Belsheim-Ellingbø (11).
Han hadde æra av å klippe snora og erklære Rysna småkraftverk offisielt opna. Andris er forresten sonen til ein av grunndeigane knytt til verket, Eli Belsheim, og som held grunnen til kraftstasjonsbygget.
– Eg fekk vite at eg skulle gjera dette i går. Då tenkte eg fyrst at det kanskje kunne vera litt skummelt med så mange folk til stades, men det gjekk veldig fint, seier han og poengterer sterkt at han er 11 år nokre veker til, men i november blir han medlem av 12-årsklubben.
Andris var også stolt over å bera John Deere-capsen ved høvet. Tvillingbroren Olav derimot var heilt avvisande til avisa at dette ville han ikkje vera med på, heller ikkje uttale seg til avisa.
18. november 2022
Torsdag skjedde det mange vangsgjeldingar, ikkje minst grunneigarar og lokalsamfunn, lenge hadde venta på, å kunne gjennomføre den offisielle opninga av Rysna kraftverk som ligg i området inn for gamle Torpe skule og ned for Sygard Belsheim-garden, mellom anna.
Markeringa skjer i underkant av to år etter at verket vart sett i prøvedrift seinhausten 2022.
Oppstartsdatoen er ein dato som mange vangsgjeldingar nok har eit forhold til. Rysnaverket vart starta opp 18. november, same datoen som Hugaviktunnelen gjennom Kvamskleiva på E16 vart teken i bruk. Då var det stor festivitas i Vang.

Lang gjesteliste
No er all finish gjort, grasmarka og terrenget er i ferd med å gøyme spora etter gravinga av røyrgata og verket fungerer som ei klokke. Vatn har det også vore flust av dei to siste somrane.
Då er det passande tid for ei markering med status offisiell opning.
Gjestelista var lang, her var folk frå politikken i Vang, frå Vang Energiverk, ordførar, varaordførar, kommunalsjef, representantar frå leverandørar og entreprenør og ikkje minst dei seks grunneigarane var godt representert samt familie og naboar var invitert med.
Dei vart alle godt iveretekne med mellom anna høge snittar, kaffe og blautkake.

Fire småkraftverk i Valdres
David Inge Tveito, operasjonsdirektør i Småkraft AS, helsa velkommen og orienterte.
Rysna kraftverk er eit av 235 kraftverk i drift som Småkraft AS står bak. Anlegget i Vang blir det fjerde i rekkja i Valdres. Dei andre er Reinli, Liaelva og Hølera, alle tre i Sør-Aurdal.
– Rysna kraftverk er resultatet av mange års hardt arbeid frå dyktige folk og ikkje minst eit godt samarbeid med lokalsamfunnet, sa Tveito.
– Lite naturinngrep
– Vasskraft er ein fornybar naturressurs, men det er også viktig at vi i utbygginga varetek naturen rundt oss på ein god måte. For oss i Småkraft er det viktig å balansere behovet for rein energi med behovet for å bevare det biologiske mangfaldet med minst mogleg naturinngrep når vi byggjer kraftverk. Her i Rysna meiner vi at vi har fått det bra til, sa Tveito.
– For oss som jobbar i Småkraft er det stort og gjevande å skape langsiktige verdiar og tilleggsinntekter for grunneigarar, spesielt om det er med på å sikra landbruksdrift for framtida, sa Tveito mellom anna.
Han gav ros til grunneigarane og alle andre instansar som på eit eller anna vis har bidrege. Ein av grunneigarane, Odd Harald Rogn, vart spesielt trekt fram.
– Han har vore veldig allsidig og gjort mykje arbeid i byggjefasen, sa Tveito.

– Nok til 425 husstandar
Konsesjonen vart gitt av Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) 30. november 2016. Yteevna til verket er på 3,36 MW og den årlege produksjonen er vurdert til 8,5 GWh.
– Dette året ligg vi veldig godt an, kunne Tveito fortelja forsamlinga.
– Faktisk produsert straum utgjer 8,47 GWh hittil i år, så vi er 17 % over budsjett og har nådd årsnormalen alt no. Det lovar godt for framtida. I fjor vart det 7,8 GWh, men då var det oppstart, turr vinter og verket var ikkje testa til full effekt før i mai 2023.
18. november 2022 vart fyrste kWh levert frå kraftverket. Det var under eit år etter fyrste spadetak.
Generatoren er svær, heile 40 tonn er den på, og faktisk ein av dei største i Småkraft. Ikkje fordi det er så stor effekt, men på grunn av at det er stor slukeevne og forholdsvis lite fall. Av denne grunnen må den vera sakteroterande som fører til stor masse.
– Dette kraftverket vil gje rein, fornybar energi nok til 425 husstandar, sa David Inge Tveito.

– Rakk det så vidt
Tveito fortalde også om dei dramatiske timane som utvikla seg den 29. november i 2021, siste dagen før konsesjonen ville gå ut. Då vart det jobba i kamp med klokka.
– Det er i alle konsesjonar ein 5-års frist for å starte opp med bygging før ein må søkje om forlenging etter at konsesjon er gjeve. Vedtaket kom kl. 11.50 den 29. november. Entreprenøren starta graving kl. 21.30 same kvelden. Søknaden til NVE om forlenga byggjefrist var alt skrive og klart til å sendast om vi ikkje hadde fått dette løyvet. Men vi klarte fristen, sa Tveito, som også fortalde om enda ei utfordring medan byggjearbeida heldt på.

Brustenging og Hans
– Kven hadde trudd at brua på Tretten som kollapsa, skulle få betydning for utbygginga vår. Tveit bru på E16 vart som kjent stengt på grunn av at det var same type bru. Dette skjedde samstundes med innheisinga av generatoren på 40 tonn. Heldigvis var løfteutstyret tilfeldigvis på rett side av brua og vi fekk dispensasjon til omkøyringsveg med noko utbetringar i ein periode slik at vi fekk utstyret fram og kunne halde framdrifta, fortalde David Inge Tveito.
– Hans-herjingane med store mengder nedbør fekk vi også merke då den førte til ei utgraving i røyrgatetraseen og verket måtte stoppe ein kort periode.
Byggjetid på under eitt år
Tveito fortalde også at sluttsynfaringa med NVE var i august. Dei var fornøgde etter nokon småting som no er rydda opp.
Det er grunneigarane som har utvikla prosjektet og sendt konsesjonssøknaden. Småkraft kjøpte prosjektet etter at det var gjeve konsesjon.
Det er kraftentreprenørselskapet Hywer som har bygd kraftverket som ein totalentreprise med underentreprenørar.
– Dei har gjort ein veldig god jobb og har vore lette å forhalde seg til. Dei har klart å byggje kraftverket på rett under eit år. Det er imponerande, sa Tveito.

Hylla grunneigarsamarbeidet
Ordførar Jørand Ødegård Lunde meinte dagen med den offisielle opninga av småkraftverket står som ein merkedag og enda ein milepæl for ny kraftproduksjon i Vang.

– Dagen i dag er ein merkedag for klimaet og framtida. Utbygginga er også ein del av den lokale verdiskapinga. Og den gjev også framtidige inntekter til kommunen, sa ordføraren.
Ho held fram at Rysna-verket er det beste dømet på at det gjev resultat når ein lukkast med grunneigarsamarbeidet.
– Det har de all grunn til å vera stolte over, sa ordførar Jørand Ødegård Lunde.

Seks grunneigarar
Det er seks gardar og grunneigarar som eig fallrettane knytt til utbygginga av Rysna:
- Eli Belsheim, (Sygard Belsheim)
- Aud Irene Hamre Rogn/Odd Harald Rogn, (Granlund)
- Ola Norvald Hagen (Hagen)
- Ellen/Harald Bauer, (Thune)
- Geir Ove Jevne (Jevne)
- Per Kristian Borgli/Randi Ballangrud (Jevnemarken).
Eli Belsheim, ein av grunneigarane, har vore leiar og talsperson for grunneigargrupperinga. Ho minna i si helsingstale om at vegen fram til målet hadde vore lang og krevjande. Det starta heilt tilbake til 2009 og det vart 2021 før enn spaden kunne setjast i jorda.

– Utnyttar ressursane
– Dette må vera ein vinn-vinn-situasjon for alle og vi håpar at kraftutbygginga kan bli til ein ekstra ressurs for gardane våre i framtida, og slik til beste for jordbruket også, sa Eli Belsheim.
Ho trekte også fram at kommunen hadde vore positiv til tiltaket frå fyrste stund, noko som var svært avgjerande for at prosjektet kunne bli noko av.
– Men det er også er erkjenning at vi hadde ikkje klart dette utan å ha hatt med Småkraft. Vi er glade for at dei kom med, sa Eli Belsheim, som syntest det var store stas å få markere at verket no er offisielt opna og at så mange kunne vera med på den store hendinga.
